Rolls-Royce-avdelinga i Hjørungavåg har så smått begynt å seie opp tilsette. Dei 20 første fekk melding om oppseiing no i januar, fortel klubbleiar i Fellesforbundet Gina Bjørdal.

Ved årskiftet varsla lokalavisa at 70 av dei tilsette ved avdel-inga kom til å måtte gå. Klubb-leiaren reknar med at det kjem fleire oppseiingar etter kvart, dei neste kanskje alt denne månaden.

Aktiviteten i produksjonsavdelinga i Hjørungavåg skal – slik planane har vore – vere avslutta i juni 2016. Etter det kjem det berre til å vere aktivitet i administrasjonsbygget. Kor lenge og i kva omfang, er uvisst, men Rolls-Royce har leigeavtale på bygget til 2019.

Rolls-Royce har enno ikkje landa på kvar dei vil samle aktiviteten, om det blir her lokalt, i Ålesund eller Brattvåg.

Kan sjølv miste jobben

Gina Bjørdal fortel at ho sjølv er tilsett som montør ved bedrifta, men at ho no for tida nyttar heile arbeidstida si i klubbleiarfunksjonen. Sidan ho i utgangspunktet er tilsett  i produksjonen, reknar ho med å vere mellom dei som kva dag som helst kan få melding om å måtte slutte.

Rolls-Royce i Hjørungavåg har hatt ein arbeidsstokk på om lag 200. Oppseiingstida for dei som no må gå, varierer frå 1 til 6 månader.

Gina Bjørdal fortel elles at Rolls-Royce har endra stilling for tolv personar, desse får dermed halde fram. Tre-fire personar frå produksjonen vil også få vere med vidare. Det er også klart at ein del tilsette i Ulsteinvik vil kome over til Hjørungavåg og bruke fasilitetane der.

– Men i det heile er ikkje prosessane her inne særleg synkroniserte, seier klubbleiaren.