Mens fylkesmannskontora i Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal har løyvd om lag 20 millionar kroner kvar i skjønnsmidlar til kommunane, har kommunane i Telemark ikkje fått meir enn 100.000 kroner i slik reformstøtte.

Over halvparten av fylkesmennene har løyvd og sett av mindre enn 5 millionar til kommunereformstøtte fordelt på åra 2014, 2015 og 2016, viser tal som Nationen har henta inn frå alle dei 18 fylkesmannskontora som er omfatta av kommunereforma.

– Fylkesmennene gir etter eiga vurdering støtte til kommunar som tar aktive grep for å sjå på korleis dei kan utvikle seg og regionen sin saman med nabokommunane. Slik departementet vurderer det, er det positivt at prosessane er tilpassa forholda i kvart enkelt fylke, seier statssekretær Grete Ellingsen (H) i Kommunal- og moderniseringsdepartementet til avisa.

Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal toppar lista, mens Nord-Trøndelag, Oppland og Hedmark følgjer ikkje langt etter med høvesvis 13, 12,5 og 10 millionar i skjønnsmidlar til kommunereforma. I Buskerud har fylkesmannen sett av 7 millionar til dette. I resten av landet varierer skjønnsmidlane frå 1 million i Aust-Agder og Akershus til 5,7 millionar i Troms.

– Fylkesmennene bruker skjønnet ulikt, og det er etter departementet si vurdering heilt klart innanfor rammene av retningslinjene deira, seier Ellingsen