Aurora Dimmen Bratli frå Ulsteinvik er mellom medlemmene i det nye fylkesstyret til AUF i Møre og Romsdal som nyleg hadde årsmøte. Dimmen Bratli har fått tildelt vervet som skule- og arbeidsleiar i styret.

Nordmøringen Eldbjørg Osen tok attval og ho gler seg til eit spanande AUF-år, i følgje ei melding frå den politiske ungdomsorganisasjonen.

- Eg har stor tru på det nye fylkesstyret. Det er ein dyktig gjeng som eg ser fram til å arbeide med, seier Osen.

Mellom sakene som vart handsama på årsmøtet var ønsket om å få innført ein kjøtfri dag på alle offentlege kantiner i fylket.

- På denne måten kan vi gjere noko for å redusere kjøtforbruket og dermed få ned klimagassutsleppa, seier AUF-leiaren.

Det nye AUF-styret vonar at fylkesårsmøtet i Arbeidarpartiet vil slutte seg til denne saka.