Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) vil ikkje ha noko meining om lærarutdanninga i Volda kan ha ei framtid om høgskulen vel å stå åleine.

Tidlegare denne veka gav kunnskapsministeren høgskulane i Volda, Molde og på Lillehammer beskjed om at alliansemodellen dei tre har sett for seg som eit alternativ til fusjon, ikkje er godt nok. I eit intervju med universitetsavisa På Høyden fredag seier Røe Isaksen han ikkje veit om Høgskulen i Volda framleis kan ha ei lærarutdanning i 2018 dersom skulen blir ståande utan ein fusjonspartnar.

– Det kan eg ikkje seie noko om no. Med det eg kan seie noko om, er at lærarutdanningane er sikrare i ein større institusjon enn viss dei står åleine. Vel dei å stå åleine, vil vi sjølvsagt gi draghjelp for å byggje opp lærarutdanninga, seier Røe Isaksen til avisa.

Ønskjer vestlandssamarbeid

I brevet til høgskulane peika statsråden særleg på at alliansemodellen ikkje gir det nødvendige kvalitetsløftet til lærarutdanninga i Volda og tilrår i staden eit «forpliktende samarbeid mellom institusjonene på Vestlandet» om lærarutdanningane.

Røe Isaksen er elles godt nøgd med vedtaka dei tre potensielle fusjonspartnarane Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF), Høgskulen i Bergen (HiB) og Høgskulen Stord/Haugesund (HSH) gjorde torsdag. Alle tre styra gjekk inn for å halde fram prosessen, som på sikt kan leie til ein storfusjon på Vestlandet.

– Det er klare vedtak frå Høgskulen Stord/Haugesund og eit vedtak som legg til rette for ein vidare prosess for Sogn og Fjordane. Eg har tillit til at styra handterer dette vidare på ein god måte, seier Torbjørn Røe Isaksen til På Høyden.

– Uro snudd til håp ved HiSF

Sjølv om fusjonsalternativet har vore meir omstridt i Sogn og Fjordane enn hos dei to andre, og studentrepresentantane i styret stemte imot vedtaket, meiner kunnskapsministeren HiSF er inne i ein god prosess.

– Eg meiner styreleiaren ved HiSF summerte det opp godt: Dei gjekk inn i denne prosessen med meir uro enn håp. No er det snudd, seier Røe Isaksen.

Alle dei tre høgskulestyra opna òg – med heilt og litt mindre opne armar – for å invitere Høgskulen i Volda med i dei vidare samtalane, som HiSF framleis helst vil sjå meir som sonderingar enn forhandlingar.

I lys av samarbeidsplanane mellom Universitetet i Bergen og fleire av vestlandshøgskulane er Røe Isaksen ikkje framand for at desse litt lenger fram i tid kan smelte saman til éin stor institusjon på Vestlandet.

– Det er ein spennande tanke. Eg er ein pragmatisk politikar, og eg tar eitt steg av gongen, seier kunnskapsministeren.