– Det er heilt naturleg at vi skrur til responstid-krava i 2016 når vi ser desse resultata. Vi bruker 2,2 milliardar kroner meir på politi, og då må vi forvente noko i den andre enden når det gjeld responstid, seier Anundsen til NRK.

Politidistrikta har i eitt år målt utrykkingstida for akutte oppdrag i heile landet. Responstida er tida det tek frå politiet får melding om ei hending til første politieining er på staden.