Miljødirektoratet har vedteke reglar for fisket etter laks, sjøaure og sjørøye frå 2016. Det er gjort justeringar i fisketida i nokre sjøregionar og fleire vassdrag.

Justeringane er gjort for å sikre tilstrekkeleg med gytefisk i vassdraga og dermed nå forvaltningsmåla i endå fleire vassdrag dei kommande åra. I all hovudsak er reguleringane ei vidareføring av gjeldande vedtekter.

For sjølaksefiske med fastståande reiskap er det vedtatt kortare fisketid i delar av Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag, Nordland, Troms og Finnmark. I delar av Rogaland og Sogn og Fjordane er fisketida derimot utvida.

Det er i tillegg gjort justeringar av fisketida i ei rekke vassdrag over heile landet. I tillegg er makkforbod og liknande reiskapsavgrensingar fjerna frå den nasjonale forskrifta. Slike avgrensingar kan lokalforvaltninga sjølv innføre i vassdraga om dei vil.

– Vi skal ikkje leggje skjul på at det er utfordrande å sameine alle omsyn og interesser når det enkelte stader er nødvendig å redusere uttaket ytterlegare. Den viktigaste oppgåva vår i dette arbeidet er å sørgje for at det blir att nok gytefisk, slik at bestandane vert tekne vare på og produserer eit størst mogleg haustbart overskot også i framtida, seier Yngve Svarte, direktør for Arts- og vassavdelinga i Miljødirektoratet.