Bakgrunnen for uttalelsen er at den nye naudnettet var ute fleire stadar, mellom anna i Ulstein og Hareid under ekstremvêret "Tor".

Til NRK Møre og Romsdal seier Anders Riise at nokon må gå i seg sjølv for å finne ut kva som gjekk gale og kva som må gjerast for å endre det.

- Det ligg i namnet til naudnettet kva funksjonen skal vere, og at det svikta på eksamensoppgåva si gjer oss ikkje rolegare, seier Riise til NRK.

Hareid kommune har elles meldt inntil Fylkesmannen i Møre og Romsdal kva skader og problem uvêret stod bak i kommunen. I meldinga til Fylkesmannen går det fram at det kommunen vil følgje tettast opp er sikring av internett-tilgang, etter at kommunen var utan eigen nett-tilgang i tidsromet 19.30-22 grunna brot på tilgangen frå Tafjord.

"Hadde det vore langvarig, ville det skapt store utfordringar for kommunen og mulegvis også dei andre kommunane i SSIKT-samarbeidet", heiter det i skrivet til Fylkesmannen.