Kristian Steinsvik er sivilingeniør frå NTNU med hydrodynamikk som fagfelt. Han har bakgrunn både som forskar i Marintek, som er ein del av Sintef, og har som ingeniør i Det Norske Veritas vore involvert i forskingsarbeidet der.

Samle kompetansen

No skal han løfte forskings- og utviklingsarbeidet i Havyard gjennom samordning av utviklingsarbeidet i konsernet.

- Vi driv allereie med mykje utviklingsarbeid i det daglege, men no skal vi samle utviklarane i ei felles gruppe, slik at vi både får tenke tverrfagleg og meir langsiktig. I gruppa får vi nyte godt av kvarandre sin kunnskap og idear, kommenterer Steinsvik i ei pressemelding.

Han ser fleire fordeler ved satsinga:

- Vi får effekt berre ved at fleire forretningsområde og fleire fagdisiplinar set seg saman og utvekslar kunnskap og idear. Så kan vi gå vidare med prosjekta vi alt no har klart å begynne på. Og så vil vi også legge til rette for at ein kan jobbe meir langsiktig.

Ikkje berre produkt

Den nye leiaren for FoU-satsinga er oppteken av at FoU ikkje skal handle berre om produkt. Ved å samle utviklingsarbeidet i ei gruppe, kan vi i endå større grad legge til rette for bruk av spesialistar og kanskje utvikle arbeidsplassar vi tidlegare ikkje har hatt i området.

Konsernsjef Geir Johan Bakke er glad for at Kristian Steinsvik er motivert til å ta på seg oppgåva. Bakke er overtydd om at Steinsvik både med kompetansen og veremåten sin kjem til å vere både samlande og motiverande.