Søndag 7. februar kom Ruth Farstad over ei kusymre i Almestranda. Råtidleg, men ikkje rekord.

I følgje lokalavisa sine tidlegare artiklar i serien om primula vulgaris  (som tyder «den første om våren») fann ulsteinparet Aage og Karin Breivik ei kusymre då dei var ute i skogen og rydda etter orkanen Dagmar i 2012. Dato: 7. januar. Kusymra stod mellom nokre falne treleggar.

Etter dette har Rigmor Bøe meldt inn eit kusymrefunn 9. februar – også det i Almestranda, nærare bestemt ved ei hytte  i Engeskardet.

To dagar etter årets første kusymre med andre ord.

1. mars er ein annan tidlegare innrapportert dato. Då fann ein «vandrar» eit eksemplar – også det på Alme.

Aud Sandvik Jøsok melde eit år om kusymrebløming på Jøsok 3. mars.

Sørhellinga av Hjørungneshornet 4. april er også innrapportert.

Kusymra kan dukke opp svært tidleg enkelte stader, men vanlegvis kjem ho i størst mengder i overgangen april-mai.

Kusymra er vanleg i kyststroka frå Aust-Agder til Sør-Trøndelag og trivst best i fuktig skuggefull skog og i grasbakkar – ofte i eit maritimt miljø.

Eit anna namn er kublom.

Namnet hos oss skal kome av at kusymra vanlegvis blømer når kyrne blir sleppte på beite om våren.

BILDETEKST: Kusymre i Almestranda 7. februar. Som vi ser var der også knoppar som enno ikkje hadde sprunge ut.