Under formannskapsmøtet i Hareid måndag fortalde Truls Håbakk (FrP) at han hadde vore Hareid kommune sin representant i eit adhoc-utval under «Region Sunnmøre»-modellen der ein blant anna såg på ei ordning med kommunedelsutval i dei kommunane som går inn under denne paraplyen.

Håbakk fortalde at dei blant anna hadde drøfta kor mange av dei tidlegare kommunane som skulle kunne ha eit slikt utval og ikkje minst kva mandat desse utvala skulle ha.Håbakk hadde fått forståing for at det kunne vere kommunedelsutval med alt frå fullt mynde til mynde i enkelte mindre saker.

I alle fall når det galdt ein modell med fullt mynde, d.v.s. at kommunedelsutvalet får same rådevelde som dagens formannskap og kommunestyre, så kunne ikkje Håbakke  tenke seg å støtte det.

Det ville bety at ein berre auka byråkratiet.

Håbakk lurer på kva som er vitsen med å slå seg saman med andre kommunar, dersom kommunedelsutvala skal site i dei gamle kommunane, og ha fullt mynde. Det einaste ein då oppnår er å opprette det fjerde forvaltningsnivået.

Annika Brandal (V) var samd i dette.

Ranja Dimmen Alme (Folkelista) kjende seg stressa på demokratiet sine vegner.

- Eg vil at folket i Hareid kommune skal bestemme om det som skjer i kommunen, sa ho.