Ein ny ferjepakke for Hareid-Sulesund og Ørsneset-Magerholm vil bli sendt ut på anbod  anten på slutten av året, eller tidleg i 2017, opplyser fylkesvaraordførar Gunn Berit Gjerde.

- Der vil det kome krav om nye, moderne nullutsleppsferjer, fortel Gjerde.

Ho legg til at det er både vedtak i Stortinget og nytt vedtak i samferdselsutvalet i fylket som legg grunnlag for nye ferjer.

Ut på anbod

Etter vedtaket i samferdselsutvalet fredag, skal Hareid-Sulesund ut på anbod i lag med eit anna storsamband; Ørsneset-Magerholm.

Desse sambanda er dei første som kjem ut av dei nye anboda i fylket, og nye ferjer skal på plass 1. januar 2019.

- I samband med at eit samla Storting har vedteke at det skal stillast krav om nullutsleppsferjer frå 2017, har samferdselsutvalet vedteke at det skal nye ferjer inn i dei neste anb oda i fylket. Og for at det skal vere mogleg for reiarlaga å få bygt nye ferjer, kjem anboda til å gå ut mykje tidlegare enn før. Dette for å sleppe situasjonen som har vore i det siste med at reiarlaga ikkje har hatt nye ferjer å sette inn i nye anbod, forklarer Gjerde.

Les også: - Ikkje så veldig god tid

- Dette er gledelege vedtak, seier Gunn Berit Gjerde, som gjennom Venstre har arbeidd for å få ut det gamle ferjemateriellet. Først og fremst som eit miljøtiltak, men også i høg grad som eit publikumstiltak og eit sysselsettingstiltak for verfta.

- Ullensvang må skiftast ut før

- Men vi kan ikkje slå oss til ro med eit skifte på Hareid-Sulesund i 2019. Vi må få til ein avtale med Norled om å skifte ut «Ullensvang» lenge før den tid. Samferdelsutvalet skal på neste møte diskutere korleis dei skal få til dette utan at fylkeskommunen skal lide for store økonomiske tap, opplyser fylkesvaraordføraren.

Sei di meining om ferjesituasjonen på vår Facebook-side