Inge André Utåker, regionssjef ferjer i Norled, meiner Møre og Romsdal fylke har dårleg tid.

Kontrakten med Norled på Hareid Sulesund går ut 31.12. 2018, med høve til eitt års forlenging.

Regionssjef Inge Andre Utåker peikar på at bransjen førerbels ikkje har høyrt noko om korleis Møre og Romsdal fylke tenkjer at neste generasjon ferjer på sambandet skal sjå ut.

AtB Trøndelag og Skyss Hordaland har kome  lenger

Han opplyser at AtB i Trøndelag er godt i gang med kontrakt for Flakk-Rørvik, som har oppstart 1. jan. 2019, og at Skyss i Hordaland er komne omlag like langt med anboda sin som stort sett har oppstart 1. januar 2020.

- Som ved konkurransen for dagens kontrakt teiknar det til at Møre og Romsdal vil ha dårleg tid  også i neste runde. Det vil bli krevjande for tilbydarane å kunne rekke å bygge nye ferjer i den tida som er tilgjengeleg mellom kontraktsinngåing og oppstart, kommenterer Utåker.

Sei di meining om ferjesituasjonen på vår Facebook-side

- Ingen ting i anbodspapira som ekskludrer Ullensvang

Statens vegvesen er no i gang med utbetringar ved Hareid ferjekai for til saman 25 millionar kroner. Vikebladet Vestposten skreiv 2. februar at ei av årsakene til dette er at Ullensvang stikk djupare i sjøen enn dei andre ferjene, og dessutan går med propell, ikkje thruster som dei andre ferjene.

Utåker understrekar at det ikkje står noko i anbodspapira som ekskluderer ferjer med Ullensvang sitt design.

- Hadde ferjeleiet vore skikkeleg bygd hadde ikkje dagens situasjon oppstått, meiner han.

Les også: Håper på flunkande nye ferjer