Når Hareid skal halde folkerøysting om kommunesamanslåing og retningsval seinare i vår, ligg det føre tre alternativ. Dei to samanslåingsalternativa «Ytre Søre» og «Region Sunnmøre» har sine eigne forhandlingsutval, medan ein slik instans for 0-alternativet – at Hareid held fram som før – skal vere kommuneadministrasjonen v/rådmannen, slik det vart vedteke i kommunestyret i januar.

Men då formannskapet skulle gjere suppleringar til desse utvala i siste møte meinte Kristian Fuglseth (Folkelista) at det var viktig med eit eige utval som kunne halde fram Hareid-alternativet. Han foreslo Stian Runne Brandal, Kjetil Nesset, Ragnhild Nedrelid og Bernt Brandal.

- Eg er ute etter ei gruppe som kan ivareta dei synspunkta som veljarane skal ta stilling til, sa Fuglseth.

Truls Håbakk (FrP) var samd i at der var tre ulike alternativ, men meinte kommunestyrevedtaket var klart nok på at det var administrasjonen som skulle greie ut 0-alternativet, d.v.s. Hareid åleine.

Kristian Fuglseth gav seg ikkje, men gjekk med på at framlegget hans om eit eige forhandlingsutval for Hareid-alternativet vart eit oversendingsforslag til kommunestyret. Og det sa formannskapet samrøystes ja til etter å ha supplert «Ytre Søre»-gruppa og «Region Sunnmøre»-gruppa med slike som hadde følgt det tidlegare utgreiingsarbeidet på nært hald.

Dermed skal Hareid ha følgjande forhandlingsutval for «Ytre Søre»:

Leiar ordførar Anders Riise, Kristian Fuglseth, Annika Brandal. Vara: Ranja Dimmen, Truls Håbakk. Frå adm.: rådmann og sekretær.

Forhandlingsutval for "Regionkommune Sunnmøre":

Leiar ordførar Anders Riise, Truls Håbakk, Ranja Dimmen Alme. Vara: Annika Brandal, Kristian Fuglseth. Frå adm.: rådmann og sekretær.