Høgskulen i Volda melder at studentane deira er mest nøgd med høgskulen sin, samanlikna med dei andre høgskulane i Møre og Romsdal. Voldastudentane gav ein samla karakter på 4,1 der 5,0 er beste karakter.

Høgskulen i Volda har gått fram med 0,2 poeng sidan i fjor, og var mellom dei tre statlege høgskulane med størst framgang.

Tala stammer frå den nasjonale kartlegginga Studiobarometeret, som det statlege kvalitetssikringsorganet NOKAT står bak. 60 prosent at andreårsstudentane ved Høgskulen i Volda deltok.

Studentane er nøgde med studiet dei har valt, dei meiner studiet har relevans for arbeidslivet og gir god karakter i engasjement og samanheng i studiet. Studentane saknar større høve til å påverke studia.

Høgskulen i Volda 4,1

Høgskulen i Ålesund 3,9

Høgskulen i Molde 3,7