Vikebladet Vestposten har i dag fått denne pressemeldinga frå Ulsteinvik Bibelsenter:

På vegne av styret i Ulsteinvik Bibelsenter har vi følgjande kommentarar til saka på Vikebladet.no i dag:

Arve Eldar Flø er medlem i Ulsteinvik Bibelsenter men har ingen fullmakt frå styret i denne saka. E-postane til ordføraren er sende som privatperson og engasjert veljar.

Ulsteinvik Bibelsenter signaliserte for ca eitt år sidan at vi var interesserte i å kjøpe Aktivitetshuset når det vart lagt ut for sal.

30.11.2015 vart huset lagt ut for sal på Finn.no. Både annonsen og takstdokumentet ga inntrykk av at huset skulle seljast til høgstbydande. Samtaler med styreleiar bekrefta også dette. Styreleiar bekrefta også at det ikkje skulle brukast meglar, men at styret skulle selge huset sjølve. Dette til tross for at Stiftelsestilsynet anbefaler å bruke meglar ved alle sal.

Underveis i prosessen vart det halde to møter mellom Ulsteinvik Bibelsenter og styret i Stiftelsen Ulstein Aktivitetshus. Styremedlem Knut Erik Engh møtte ikkje på desse møta. Det kom heller ingen annen representant for Ulstein Kommune.

Etter som vi ikkje hadde vore i kontakt med Ulstein Kommune kom det heilt overraskande på oss at det 18.01.2016 vart kommunisert at det også var andre vilkår enn sal til høgstbydande som skulle gjelde. Vi skreiv då eit brev til Stiftelsen der vi la fram korleis vi ville stille oss til dei nye vilkåra. Tre dagar seinare vart huset seld for kr 200 000 under vårt siste bod, utan at vi fekk noko tilbakemelding om at vårt tilbod var dårlegare enn motparten sitt.

Ulsteinvik Bibelsenter presiserer at vi ikkje har noko meining om ordføraren si rolle i denne saka. Vi vil heller ikkje hindre dei av våre medlemar som vel å engasjere seg i aktuelle saker, men det betyr ikkje at dei representerer Ulsteinvik Bibelsenter sitt offisielle syn.

Vi håper at salgsprosessen ender til det beste for alle partar og vil sjølvsagt respektere det endelige utfallet. Vi har tillit til at Røde Kors, Ulstein Småbåtlag og Ulstein Seilforening vil drive Aktivitetshuset på ein god måte i åra som kjem.

Helsing styret i Ulsteinvik Bibelsenter