Charles Tøsse (H) er medlem i Samferdselsutvalet, Møre og Romsdal. Han understrekar at han deler ferjesjef Inge André Utåker si uro over at fylkeskommunen er seint ute i forhold til definisjon på kva slags ferjer det skal satsast på i neste anbodsperiode.

Ikkje så veldig god tid:

– På siste møtet i samferdselsutvalet fekk administrasjonen ei klar bestilling frå oss politikarane om å følgje opp saka, og vi kjem til å følgje saka tett, seier Tøsse.

Han opplyser at det var Høgre, KrF. og Frp. som i fellesskap på siste møtet fremja forslaget om ferjepakken med moderne nullutsleppsferjer som skal ut på anbod.

– Forslaget fekk støtte frå Venstre, kommenterer Tøsse.

Han opplyser at det ligg inne i forslaget at anboda skal gjelde for ein lenger tidsperiode, men at dette skal behandlast særskilt for kvar pakke som skal lysast ut.

Må bli betre

– Ferjesambandet Hareid–Sulesund er eit døme på at utlysinga i førre periode ikkje var presis og god nok. Denne gongen må vi syte for at det blir miljøvennlege ferjer som stettar behovet til både innbyggjarane og næringslivet, seier Tøsse.

Håp om nye ferjer: