Det vart ein del att og fram då valstyret drøfta korleis røystesetelen skulle sjå ut. I utgangspunktet var tanken at den enkelte veljar skulle kunne ha tre alterantiv og berre kunne krysse av for eitt av dei: 1. Dei fem kommunane på Ytre Søre, 2. Region Sunnmøre kring Ålesund, 3. Halde fram som eigen kommune.

Ville ha metodisk rett røysting

Men Kristian Fugleseth (Folkelista) ville ha det han kalla ein metodisk rettare røystesetel der ein i det første punktet hadde det grunnleggande spørsmålet å halde seg til: Ja eller nei til å halde fram som eigen kommune. Fuglseth frykta at ein ved å likestille dei tre alternativa kom til å få eit uklart og misvisande svar.

I utgangspunktet meinte Fuglseth at dei som ville stemme for at Hareid held fram som eigen kommune ikkje trong om å uttale seg om dei to andre «retningsvala».

Men det fekk han motbør for, ikkje minst frå Stian Runne Brandal (AP) og Annika Brandal (V), som ville at også dei som seier ja til Hareid kommune også skulle kunne uttale seg om kven av dei to andre retningsvala som var best når fleirtalet likevel ønskte samanslåing.

Stian Runne Brandal (A) peikte spesielt på ein situasjon der 50 prosent sa ja og 50 prosent sa nei til samanslåing.

Anders Riise (H) var samd med Fuglseth i at det var punkt 1 – ja eller nei til å halde fram som før – som gav svaret. Men han ville først og fremst ha ein fornuftig metode. - Ingen er tent med ein metode som set i tvil kva svar folkerøystinga gav, sa han.

Arbeidet med røystesetelen går dermed til vidare finpussing og endeleg utforming.

Samkøyring av datoen

Det må også samkøyringa av sjølve røystingsdatoen. Herøy kommune har peikt på 23. mai som sin dag – fire dagar etter både Hareid og Ulstein. SÅ her må det til ei harmonisering. Det er viktig at ingen kommunar veit om resultatet i andre kommunar når dei går til røysting.

For å vere røystefør må ein ha fylt 16 eller 17 år i 2016. I Hareid skal det vere røysting i alle krinsar. Førehandsrøystinga blir på Hareid rådhus frå 18. april og utover. Elles på nærare fastsette mai-dagar på Hadartun, Ulstein v.g. skule og Hareid ungdomsskule.