Årets Notarmeklar 2015 og Årets Notarkontor 2015. Desse titlane kan Notar Søre Sunnmøre med base i Ulsteinvik smykke seg med det komande året.

– Kvart år har vi konkurransar, både mellom kontora og mellom meklarane. For meklarane så er det enkelt og greitt den som greier å omsette mest. Ikkje nødvendigvis mest sal, men mest omsetning, fortel dagleg leiar Tommy Sylte ved Notar Søre Sunnmøre i Ulsteinvik.

For 2015 var det Martin Haddal som fekk prisen som Årets Meklar, men kontoret i Ulsteinvik har også vunne den tidlegare. Årets Meklar i 2014 var nemleg Tommy Sylte.

– Vi har barometer der vi blir målte av kundane, kor tilfredse dei er med den jobben vi gjer. Det gjeld både kjøparane og seljarane, fortel Sylte.

Då blir ein målte på mellom anna heilskapleg inntrykk av tenestene og pris. Sylte fortel også at ein blir vurderte på driftsresultat og interne rutinar som bodlogg, dokumentasjon.

– Det er ikkje nødvendigvis slik at kontoret som sel best blir det beste kontoret. I vårt virke er det viktig med gode ambassadørar. Det er det vi lev av. Sel eg deg eit hus og du er nøgd med jobben eg har gjort, så anbefaler du kanskje meg til nokon du kjenner når dei skal selje bustaden sin.

Har gjort noko rett

Dei to ferske prisane til kontoret i Ulsteinvik føyer seg inn i rekkja for Notar på Søre Sunnmøre. I år feirar kontoret 10-årsjubileum, og Sylte fortel at ein heilt sidan starten i 2006 har vore blant dei tre-fire beste kontora i konsernet.

Sylte starta kontoret saman med André Nakken, som no driv Notar i Ålesund.

– Vi føler at vi har gjort ein god jobb. Det er temmeleg synleg om ein ikkje gjer det, sidan vi bur i eit temmeleg gjennomsiktig område. Det tek lang tid å bygge opp eit godt varemerke, men kort tid å bryte det ned. Så noko rett må vi ha gjort, trur Sylte.

I dag er det tre tilsette i sving på kontoret i Ulsteinvik. I tillegg til Årets meklar Martin Haddal har Sylte med seg Martin Mork Kleppe. Yvonne Kirkenes Kopperstad er ute i permisjon.

– Eg er 44, Haddal er 33 og Mork Kleppe er 23. Så vi utfyller kvarandre godt, smiler Sylte.

Lever av tillit

Den daglege leiaren fortel at yrket har utvikla seg enormt sidan kontoret i Ulsteinvik såg dagens lys for ti år sidan.

– Det å vere eigedomsmeklar har gått frå å vere nesten eit litt lyssky yrke, spesielt i dei større byane, til at ein har krav om tre-fire års utdanning. Då fekk ein også rydda godt opp i bransjen. Vi lev av at folk har tillit til oss.

Sylte seier at ein som eigedomsmeklar er ansvarlege for dei største investeringane folk gjer i løpet av eit liv, anten det er som seljar eller som kjøpar.

– Det er seljarane som leiger oss inn, men vi skal også ta vare på kjøparane i prosessen. Det er ikkje nokon 9 til 4-jobb. Det er meir som ein livsstil, seier han.

Sylte meiner det ikkje er tilfeldig at kontoret får merksemd for den jobben som blir gjort.

– Det har med den kulturen vi har fått innarbeidd. Må vi sitte til 22 for å få inn dei boda som trengst så gjer vi det. Fleksibilitet er ein av grunnpilarane i det vi driv med.