Ulstein kommune har planar om å opparbeide rådhusplenen før bysta av Ragnar Ulstein blir avduka laurdag 16. april. Neste veke skal Ulstein formannskap ta stilling til finansiering av opparbeidinga, og teknisk utval ta stilling til planane for området.

Bysta skal ha lyssetting og stå under bjørketrea, med kyrkja i bakgrunnen og med utsikt mot sjøen.

Kommunalsjef teknisk rår utvalet til å godkjenne den innleverte planen for opparbeiding av rådhusplenen. Utvalet set då som vilkår at straumboksen på plenen blir fjerna og reetablert tilknytt den store parkavdelinga, til dømes ved natursteinmuren.

Vil fjerne grana

Kommunalsjef teknisk føreslår vidare at den eksisterande grana i det nordvestlege hjørnet av plenen blir fjerna. Treet har vakse seg mykje innover parkområdet. Treet framstår ikkje lenger som eit "prydtre" og gir redusert sikt i høve utkøyring til Kyrkjegata, heiter det i dei kommunale papira.

Kommunen meiner ei viss skjerming av parkarealet mot parkerings- og trafikkarealet i Kyrkjegata er viktig, så om grantreet blir fjerna bør hekken forlengast mot det hjørnet.