30-åringane i Ulstein kan rekne med å leve nesten eit år lenger enn jamaldringane på den andre sida av Eidet - i alle fall om ein skal tru tala som Folkehelseinstituttet presenterer i Kommunehelsas statistikkbank.

I Hareid kan dagens 30-åringar rekne med ein levealder på 85 år om dei er kvinner og 79,61 år om dei er menn, medan forventa levealder i Ulstein er høvesvis 85,6 og 80,61 år. Snittalderen for begge kjønn er 82,31 år i Hareid og 83,11 år i Ulstein.

Ulstein scorar høgast når det gjeld den forventa levealderen på ytre søre. I Herøy kan kvinnene rekne med eit jordisk liv på 84,76 år, medan medsystrene i Sande kan rekne med å verte litt eldre, 85,05 år.

Når det gjeld mannfolka er det omvendt. Ein mannleg herøyværing bør ha sytt for å ha skrive testamente før han fyller 80, medan sandssokningen kan rekne med å trekke sitt siste sukk når han er 78,61 år.

Forventa snitt for levealderen i Herøy er 82,38 år og i Sande 81,83 år.

I følgje ein grafikk NRK har laga går det tydeleg fram at vestlendingane lever lengst, medan folk frå indre austlandsstrok og i Finnmark ikkje vil verte like gamle.

Det er Aukra kommune som kjem aller best ut der forventa levealder for begge kjønn er 83,35 år i snitt. I den andre enden av statistikken finn vi Hasvik kommune i Finnmark der forventa levealder berre er 75,05 år i snitt.

Forventa levealder i Noreg samla sett er over 78 år for menn og over 82 år for kvinner, ein auke på meir enn 30 år sidan 1900.