- Endeleg er vi i mål, seier dagleg leiar, Frode Gjerde. Fleire har nok undra seg på kva Rørservice Ulsteinvik eigentleg driv med. Har dei ope? Er det butikk? Sel dei baderom?

– JA, til alt, svarer Frode. Men vi er ikkje lenger lik den tradisjonelle butikken. Vi er den einaste interaktive baderombutikken i Noreg.

Interaktiv butikkløysning

Rørservice Ulsteinvik gler seg til å vise fram det nye interaktive salsystem. Butikken er ikkje lenger overfylt av utstillingsmodellar, produkt og katalogar. Alt til badet og inspirasjon frå ulike leverandørar blir presentert via nettbrett og TV-skjerm.

Inne i butikken er det første som møter kundane ein moderne dusj som heng ned frå taket, forma som ein lampe med lys inni. Dusjstrålane treff store og små steinar, henta frå der det heile starta i 1972 – Gjerdsvika.

Innovasjon

Det at nettopp Rørservice Ulsteinvik står bak denne unike nyvinninga er kanskje ikkje overraskande. Frode er svært opptatt av innovasjon, nyskapning og utvikling.

-  Eg er leiar i eit maritimt miljø der innovasjon er eit fokusområde. Det er klart at denne skaparkrafta er smittsam. Å vere ein del av eit slikt miljø har gitt meg lysta på å utvikle noko i mi eiga bransje, seier Frode.

Prosessen med kjøp av bad kan vere vanskeleg og frustrerande. - Dette ville eg å finne ei løysning på. Samtidig var det ikkje naturleg for oss å fylle dei nye lokala med produkt som etter ei tid blir utdatert. Eg ville gjere det enkelt for kunden å orientere seg i eit bredt spekter av moglegheiter. No skjer alt virtuelt, og vi kan saman med kunden prøve og feile heilt til dei blir nøgde med både innreiing, toalett, dusj, fliser, fargeval etc. Alt berre med eit touch på nettbrettet, fortel Frode.

Tverrfagleg komptanse

Investeringsselskapet Gjerde Invest AS eig både Rørservice Ulsteinvik AS og Ø. Uri & Sønn AS i Sykkylven, som begge er ein del av Bademiljø kjeda. Totalt er dei om lag 50 tilsette, og dermed den største rørleggarbedrifta i Møre og Romsdal. Frode er stolt over det grunnlaget faren, Palmar Gjerde, har lagt ned gjennom alle sine år i Rørservice Ulsteinvik.

– Det har gitt oss rom til å kunne utvikle oss vidare og blant anna satse på den interaktive løysninga, seier han.

Pilotbutikk

Rørservice Ulsteinvik er piliotbutikk på dette prosjektet, men Frode ser ikkje vekk frå att andre baderombutikkar etterkvart vil ta i bruk systemet.

Torsdag 18. februar opnar dei offisielt dørene.