Dagleg leiar for Link, Hallstein Saunes, fortel at mottaksoperatøren Link tek saka om overgrepsskuldingar på største alvor.

– For alle partar er det no viktig at ein held seg til fakta. På dette stadiet samarbeider Link og Søre Sunnmøre Mottak tett med politiet og Ulstein kommune ut ifrå dei fakta som er i saka.

Etterforskar mogleg overgrepssak

Når det gjeld undervisning og lokalisering av undervisning er det noko som ligg til vertskommunen å avgjere. Vi er gjort kjent med politisaka, og frå første stund har vi samarbeida med politiet og kommunen ut ifrå vår rolle. I det ligg det også å ta vare på alle ungdommane våre. Vi håpar at dei så fort som mogleg skal kunne kome tilbake i ein god skule- og undervisingssituasjon, fortel Hallstein Saunes.

– Alle er tent med å halde seg til fakta

– Som også ordførar Engh seier er alle tent med å halde seg til fakta i denne saka. Mottaket og Link har sidan skulen starta i fjor haust ikkje fått uromeldingar frå elevar eller føresette i forhold til skulesituasjonen. Men vi håper at folk tek kontakt med oss om det er noko dei lurer på eller opplever som utfordrande, knytt til bebuarane ved asylmottaket. Vi er tilgjengelege og ønskjer tilbakemeldingar frå lokalbefolkninga. Slik har vi jobba sidan vi starta opp mottaket i Ulstein i 2001, seier Saunes.