Dette kom fram under årsmøtet i bygdetunet Vonheim onsdag. Eitt av kapitla i årsmeldinga hadde overskrifta: «Språket i private føretak som tek over kommunale oppgåver».

I dette kapitlet vart det spesielt sikta til den private barnehagekjeda Gnist, som har 210 plassar på Holstad. Hareid mållag har skrive brev og teke telefonar for å få barnehagen til å halde fram med nynorsk også etter at dei vart del av ei stor barnehagekjede.

Men utan hell.

- Vi vil derfor løfte denne saka fram for fylkesårsmøtet i von om å få vedteke ei fråsegn og ei eiga sak til landsmøtet, heiter det i årsmeldinga, som presiserer at det er viktig at barnehagen nyttar nynorsk til born og foreldre. – Desse skal trass alt inn i ei nynorsk skulegonge i ein nynorskkommune.

- Kommunen må reagere

Under drøftinga av årsmeldinga vart det peikt på at dette ikkje berre er ei oppgåve for mållaget. Hareid har vedtak på at administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk, derfor er dette i høgste grad ei sak som også kommunen sjølv må ta tak i.

- Det kan ikkje vere rett at private aktørar som kjem inn og tek over kommunale oppgåver, skal fristille seg frå vedtaket om at administrasjonsmålet i Hareid kommune er nynorsk, sa Johs Klungsøyr, som var ein av dei som ytra seg om saka på årsmøtet.

Årsmeldinga viste elles at Hareid mållag no har 105 medlemar, ein auke på 3 frå året før. Einar Måseide vart attvald som leiar.