Det er rådmann Bent Arild Grytten som melder dette.

Kommunen har aldri vore nærare utmelding frå ROBEK-lista, som er eit register over kommunar som er i økonomisk ubalanse og som bl. a. er pålagde restriksjonar på låneopptak.

- 2015-rekneskapen viser at Hareid har halde fram på den positive utviklinga i kommunedrifta, skriv rådmannen.

Har sett av 3,3 mill. kroner

- Førebels rekneskap syner eit mindreforbruk på litt meir enn 7,1 mill. kroner. Av dette utgjer budsjettert inndekking av akkumulert meirforbruk 5,22 mill. kroner. Differansen på om lag 1,9 mill. kroner vert avsett til fond, der det etter rekneskapsåret 2014 allereie var avsett om lag 1.5 mill. kroner.

Hareid har med andre ord sett av 3,3 mill. kroner av dei siste 5,22 mill. kronene kommunen skal spare for å nulle ut tidlegare overforbruk.

Dersom kommunen maktar å halde fram i same lei som dei siste åra, vil ROBEK-medlemskapen vere ein saga blott i løpet av året.

- Ikkje mogleg utan støtte frå dei tilsette

Rådmannen takkar dei tilsette for godt arbeid også i 2015 og strekar under at dei gode resultata ikkje hadde vore mulege å få til utan at dei tilsette fullt ut hadde støtta opp under arbeidet.