Det var Martine Rørstad Sand (26) på Hamar som omsette Facebook til nynorsk. No er ho kåra til Årets nynorskbrukar 2016. Ho får prisen for sin eineståande innsats i arbeidet med å gjere det lettare og kjekkare å vere nynorskbrukar i dataspel og sosiale medium, seier styret i Nynorsk kultursentrum i grunngivinga si.

– Eg er svært overraska og glad over å bli tildelt denne prisen, seier Sand. – Nynorsk har betydd veldig mykje for meg, og det er fint å sjå at arbeidet eg har lagt ned for å synleggjere det språket eg elskar, blir lagt merke til av andre.

Prisen er på 100 000 kroner og blir delt ut under opningshøgtida for Dei nynorske festspela i Ørsta 23. juni.

Vurderte 53 kandidatar

Då styret i Nynorsk ultursentrum skulle ta avgjerda, hadde dei 52 kandidatar å velje mellom. Det hadde kome inn eksterne framlegg på 23 kandidatar, tilsette hadde føreslått 12, og 17 kandidatar var med frå i fjor.

– Styret tykte at lista med kandidatar var svært sterk, men var ikkje i tvil, fortel direktør Ottar Grepstad. – Der mange snakkar, handlar Sand og omset både Facebook, dataspel og programvare. Ho gjer noko om påverkar den daglege bruken av nynorsk på eit område Nynorsk kultursentrum arbeider mykje med. Martine Rørstad Sand gjer det lettare å vere ung eller eldre nynorskbrukar i den digitale kvardagen, seier Grepstad.

Det er 16. gongen Nynorsk kultursentrum kårar Årets nynorskbrukar. Prisen blir rekna som den fremste nynorskprisen og blir tildelt personar eller institusjonar som har synt evne til å bryte med språklege og kulturelle konvensjonar om bruk av nynorsk, som gjennom sitt føredøme eller praktiske arbeid gjer det lettare å vere nynorskbrukar, eller som skaper større allmenn forståing for nynorsk.

Facebook og dataspel på nynorsk

Martine Rørstad Sand (26) frå Sula er utdanna norsklærar, bur på Hamar og studerer no digital kommunikasjon og kultur ved Høgskolen i Hedmark. I mai leverer ho masteroppgåve om bruk av dialekt på Facebook.

Sand har æra for at nynorsk er eit av meir enn 100 menyspråk i Facebook etter at ho har omsett 27 000 ord. Nyleg var ho ferdig med dataspelet «Skuggemeisteren». Dette var den første nynorskversjonen av eit Nintendo Wii U-spel, utvikla av Sarepto studio. PC-versjonen av dette spelet har alt vunne to prisar.

Ho har også omsett programvare for operativsystemet Ubuntu.