Ungdom i dag opplever langt meir kroppspress enn kva ungdom gjorde for berre nokre få år sidan. Mykje av dette skuldast ideal som blir framstilt i sosiale media.

Sanitetsforeininga i Ulstein hadde invitert lege Kari Løvendahl Mogstad til å halde foredrag på Ulstein og Hareid ungdoms-skular og på den vidaregåande skulen. Mogstad heldt også halde foredrag om kroppspress for foreldre og føresette på Ulsteiin ungdomsskule, der alle ungdomsskuleforeldra fekk invitasjon til å ta del.

Torsdag snakka lege Kari Løvendahl Mogstad til elevar og lærarar ved Hareid ungdoms-skule. Ho innleidde foredraget sitt med å fortelje om  jobben sin som fastlege i Trondheim, og slo fast at unge i dag opplever betydeleg meir kroppspress enn kva ungdom gjorde for berre ti år sidan.

Viktig satsingsområde

Oppgjeret mot skjønnhetstyranniet er eit viktig satsingsområde for Norske kvinners sanitetsforeining.

– Vi meinte også sjølve at dette var viktig å få til, seier Perly Pedersen i Ulstein sanitet.

– Det er sanitetsforeininga i Ulstein som står for dette, men vi ville spandere på Hareid også fordi vi synest dette er viktig, fortel Pedersen.

Sosiale medium

Mogstad fortalde om korleis sosiale medium som Snapchat og Instagram har begynt å bli problematiske med tanke på å spreie usunne ideal. På lerretet viste Mogstad fram bilete som blir spreidde på sosiale medium av såkalla «perfekte kroppar». Vidare fortalde Mogstad om korleis kroppsfasong og utsjånad er genetisk vilkårsbunde, og at det for mange vil vere veldig vanskeleg eller tilnærma umogleg å oppnå dei stadig skiftande skjønnheitsideala.

Mogstad fortalde at det er mange unge som følger kjendisar på sosiale medium – og blant dei som vart nemnt av Mogstad var The Kardashians, som heile tida legg ut om plastiske operasjonar og liknande.

– Det er heile tida bloggarar og kjendisar som fortel norske tenåringar korleis dei helst skal sjå ut, og det er ofte urealistiske ideal, fortalde Mogstad.

Ulike eteforstyrringar

Eteforstyrringar som anoreksi og bulimi er to kjende fenomen, men det er også nye ting. Eksempelvis ortoreksi, som går ut på at mange vil trene seg sunne og vakre og blir overdrevent opptatte av trening og sunt kosthald. Så dei trenar seg sjuke. I tillegg så er det megareksi som går ut på at gutar gjerne vil få overdrive store musklar.

– Det finst mange typar eteforstyrringar, og dei finst i varierande grad, opplyste Mogstad.

Kynisk industri

Under foredraget for elevane på Hareid ungdomsskule fortalde Mogstad om korleis skjønnheitsindustrien og sosiale medium tener pengar på at ungdom blir utsette for eit stadig aukande kroppspress gjennom å bli presentert for stadig meir urealistiske ideal.

– Denne industrien er kynisk og lever av å påføre dårleg sjølvbilde på ungdom, fortalde lege Kari Løvendahl Mogstad.