Klokka 16.40 låg framleis den digre steinen som har kome frå fjellsida mellom Langeneset og Brandal midt på gangvegen. Asfalten under er mosa.

Det var ein av bossbilane til SSR som rundt klokka 15.00 mandag ettermiddag varsla teknisk etat i Hareid om at dei hadde oppdaga steinen.

Uteseksjonen ved teknisk etat rykte ut, og dei vart skremde av synet:

- Dette hadde ikkje gått bra viss der kom folk gåande eller syklande, slår dei fast.

Geolog

Klokka 16.45 venta dei på at Statens vegvesen skulle kome. Men kva tid steinen blir fjerna veit dei ikkje. Det er ikkje gjort i ei handevende å fjerne ein stein på sju kubikk.

Steinblokka har kome susande høgt frå fjellsida og bretta til sides bjørk og anna skog på ferda nedetter lia. At steinen ikkje har fare over autovernet er nesten litt merkeleg.

Dei siste dagane har det vore regn og mildver, og issmelting i fjellsida er nok ei forklaring på at steinblokka har losna.

- Vi reknar med at her må kome geolog for å finne ut om det er meir som er laust oppe i fjellsida, seier vaktfolka ved uteseksjonen.