- Saman har vi kompetanse som er svært nyttig for å betre sjansane til ny jobb, seier Therese Frøystad Igesund i Exlevel i ei pressemelding.

Therese Frøystad  Igesund  er gründar bak firmaet Exlevel AS som er leverandør av kurs- og konsulenttenester innan Microsoft Office. Henning Karlsen eig og driv bemanningsbyrået Verto Norge AS. Begge har kontor i Fosnavåg.

Større sjanse

Gjennom eit dagseminar på Thon Hotel Fosnavåg vil Exlevel og Verto lære jobbsøkjarar avgjerande tips og råd om jobbsøkjeprosessen, og gi ei auka forståing av kva du bør satse på vedrørande kompetanseheving innan Microsoft Office.

- Med enkle grep kan du auke sjansane dine til å få ny jobb, og det kan vere ei god investering å få rettleiing frå profesjonelle. Med ein arbeidsmarknad i stadig endring er jobbsøkjarprosessen utfordrande. Mange kjem ikkje gjennom nålauget hos arbeidsgjevarar fordi dei ikkje presenterer seg på best mogleg måte, meiner Henning Karlsen, adm.dir. i Verto.

Med lang røynsle som profesjonell rekrutterar ser han kva som skal til for å skille seg ut i mengda av jobbsøkjarar. Verto har tidlegare halde foredrag om jobbsøkjarprosessen med gode tilbakemeldingar.

- Mange deltakarar får seg ei skikkeleg aha-oppleving og ei forståing for kvifor dei ikkje når opp med jobbsøknadene sine. Mange veit heller ikkje korleis du bør tilnære deg potensielle arbeidsgjevarar, seier Karlsen.

Trenden viser eit auka medvit hos bedriftsleiarar rundt verdien av effektiv bruk innan aktuelle program for å oppnå betre arbeidsmetodikk, effektiv kommunikasjon og kostnadssparing. Gjennom seminaret vil Exlevel dele verdfull kunnskap rundt teamet, og samtidig gi deltakarane eit innblikk i bruken av Microsoft Office i bedrifter innan ulike bransjar, seier Therese Frøystad Igesund.