Ikkje berre har det kortreiste handverksølet bitt rive ut av hyllene så snart det er levert, i januar vann dei også prisen for det beste tradisjonsølet på Det Norske Måltid.

No feirar dei suksessen med å lansere nye sterke øltyper på Vinmonopolet og doble produksjonen.

- Responsen har vore enorm. Ikkje i vår villaste fantasi hadde vi trudd at dette skulle bli så stort og så godt mottatt. At vi vann prosen for Norges beste tradisjonsøl åtte månader etter at vi starta opp produksjonen, og i sterk konkurranse med veletablerte bryggeri, det er rett og slett overveldande, seier dagleg leiar Øyvind Grimstad Gryt.

Det Norske Måltid kårar dei beste mat- og drikkeprodukta i Norge, og er landets viktigaste og mest prestisjefulle prisutdeling. Konkurransen starta i 2008, og målet er å vise fram breidda i matproduksjnen og dei makelause råvarene som blir produsert. Berre 11 prisar blir delt ut.

Grim & Gryt vart Årets tradisjonsøl med typen 6060 Lys Øl.

Ofte utselde

- Sunnmøringane set openbart pris på handverksøl basert på gamle bryggetradisonar og økologiske råvarer, og til tider ar det vore svært vanskeleg å få produsert nok til å møte etterspurnaden. Vi må berre beklage, men fleire gonger har det ikkje berre vore utselt i butikkhyllene, men også over lengre tid, fordi vi ikkje har hatt stor nok produksjn til å sende ut til alle som vil ha. Samtidig som vi leverer til dei faste butikkane og servringsstadane våre på Sunnmøre, får vi heile tida nye spørsmål om å levere til heile landet, fortel produksjonssjef Andreas Grimstad.

Inn med fire nye tankar

Situasjonen har blitt utfordrande, og Grim & Gryt har derfor bygt om bryggeriet for å auke produksjonen og doble kapasiteten ved å sette inn fire nye tankar.

- Når vi starta opp for eit år sidan trudde vi at den kapasiteten skulle halde lenge, kor lenge det vil halde denne gongen skal bli artig å sjå, legg han ti.

I tillegg til Vinmonopolet finn ein i dag øl  frå Grim & gryt på over 100 utsalsstader rundt om i landet.

Selskapet er også i sluttfasen med forhandlingar om å få ølet inn på alle butikkane til spesialølbutikkjeda Gulating, som no har ti butikkar rundt om kring i landet.

- På den måten vil vi nå langt fleire enn vi har gjort til no, forklarer Øyvind Grimstad Gryt.