Den norske kyrkja i Møre bispedømme har høg oppslutning, og folk er sterkt knytte til si lokale kyrkje. Statistikken viser at mange i Møre bispedøme kjenner seg heime i kyrkja. 81,5% av alle innbyggjarane i Møre og Romsdal er medlemmer. Framleis vert livsritene for dei aller fleste markerte gjennom dåp, konfirmasjon, vigsel og gravferd.

Medlemstalet går nedover

Samstundes viser statistikken at medlemstalet har gått ned frå 85,2 prosent i 2011 til 81,5 prosent i 2015. Også talet på døypte har gått noko ned. I 2015 vart det gjennomført 2175 dåpar, 2735 konfirmasjonar, 475 vigsler og 2204 gravferder i Møre bispedøme. 88 prosent av foreldre som høyrer til Den norske kyrkja døyper borna sine. 78 % av alle fødde blir døypte. 94 % av alle døypte 15-åringar vel konfirmasjon, noko som er 84 % av alle 15-åringar. For både dåp og konfirmasjon er dette høgast i landet. Fleire deltek også ved nattverd. 98,7% av dei som døyr får kyrkjeleg gravferd.

Kyrkjeval

Under Kyrkjevalet hausten 2015 hadde Møre bispedøme den nest høgaste valoppslutninga i landet, med 17,2% - ein auke på over 5 prosent frå kyrkjevalet i 2011. Folkeleg engasjement rundt to vallister medverka til å auke interessa.

Skilje stat - kyrkje

Overføringa av det kyrkjelege verksemda frå staten til kyrkja frå 1. januar 2017 stiller kyrkja framfor ei rekkje utfordringar, m.a. knytt til organisering og økonomiske handlingsrom. Dette gjer at bispedømerådet alt ei god stund har arbeidd med å førebu overgangen. Kyrkjemøtet i april vil behandle overføring av verksemda, før Stortinget i mai gjer det endelege vedtaket.

God drift

Rekneskapen for Møre bispedøme i 2015 viser ei ramme på kr 73,7 millionar. 60 prosent av ramma er driftsmidlar (omkring 44 mill.), der lønsutgifter utgjer 87 prosent. Den andre delen er tilskotsmidlar (omkring 29 mill.), som i hovudsak går til trusopplæringstiltak i kyrkjelydane samt noko til diakon- og kateketstillingar.