I dag er karantenetida for dei som blir tekne i å jukse på teoriprøva 14 dagar. Men, sett i lys av mellom anna NRK sine avsløringar før helga, går det føre seg omfattande organisert juks, spesielt på Austlandet. Det er også gjerne kriminelle nettverk som står bak.

– To vekers karantene for juks er alt for dårleg. Vegvesenet jobbar no med å lage eit nytt lovverk for oss, der vi legg opp til eitt års karantene, sa samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen til NRK søndag.

Dette forslaget blir teke godt i mot av ein av våre region sine største trafikkskular, Rotevatn Trafikkskule.

– Eg meiner det er veldig fornuftig sagt av statsråden. Det som har kome opp i media er skandaløst. Ikkje det at vegvesenet har blitt juksa med, men at folk i det heile vurderer å jukse. Dette er folk ein møter bak neste sving, utan nok kunnskapar om korleis trafikken faktisk fungerer, seier Kjell Erik Rotevatn til Vikebladet Vestposten.

– Kvifor ikkje lese teorien?

Rotevatn fortel at han ikkje har høyrt om organisert juksing i vår region, kring trafikkstasjonane i Ålesund og i Ørsta, men at det kan vere tilfelle av det.

– Vi snakkar med vegvesenet kvar veke, og hadde dette skjedd i organiserte former hadde vi nok høyrt om det. Men det er klart, skal vi hindre at dette spreier seg hit, kan ei solid auking av karantenetida berre vere positivt, og potensielt skremme vekk desse kriminelle bakmennene, seier Rotevatn.

Det blir gjennomført 200.000 teoriprøver i Norge årleg, og problemet med juks har vore mest utbreitt på Austlandet.

– Dette er ei bombe vi har venta på skulle kome. Eg er rett og slett fascinert over kor oppfinnsame dei som juksar er. Kvifor ikkje nytte energien på å faktisk lese på teorien?

– Ein promilledom kan føre til at ein misser førarkortet på «livstid». Kvifor skal dette vere noko mindre farleg? Ja, det er «berre» ei teoriprøve, men det er trafikkunnskapen som gjer oss til trygge sjåførar, seier Rotevatn til slutt.