Difor blir «Læringsarena Ulstein» no utvikla, i samarbeid mellom kommunen, lokalt næringsliv, akademia og IKT-Norge.

Det nærmar seg datoen då Arena Ulstein kan realiserast. Bibliotekdelen i nye Arena Ulstein skal i samarbeid med IKT-Norge, Høgskulen i Volda og lokalt næringsliv utviklast til å bli «Læringsarena Ulstein», eit regionalt læringssenter for alle samfunnsgrupper på Søre Sunnmøre.

I dette ligg det utvikling av undervisingsprogram innanfor skulen og samfunnslivet, utdanningsmodular for lærarar innanfor teknologiløring, tilrettelegging for digital adaptiv undervising for fleirkulturelle, samt oppretting av framtidsklasserommet.

Teknologilæring i skulen

– Det er viktig at dei som veks opp får innsikt i korleis ein kan skape ved bruk av teknologi, ikkje berre bruke teknologien. Her ser vi mellom anna næringslivet, som ønskjer å få til eit samarbeid og bidra til at dette blir ein suksess. Vi tenkjer at no er oppdraget er levert, og vi skal følgje opp, seier rådmann Einar Vik Arset.

Onsdag var Vik Arset og kommunalsjef for oppvekst, Gry Nordal, på besøk hos sjuandeklassingane ved Ulstein skule. Dei var i full gang med koding, og viste villig fram kva dei hadde lært.

– Dette er eit fantastisk verktøy for at elevane skal kunne lære seg ny, framtidsretta teknologi, fortalde kontaktlærar Knut Vikebakk til Arset og Nordal.

Fire delprosjekt på vegen

Prosjektet som har fått arbeidstittelen «Læringsarena Ulstein», består av fire delprosjekt. Det første er den såkalla «Teknologiskulen», der ein vil fremje teknologi og teknologiforståing i heile skuleløpet gjennom opplæring og utdanning/etterutdanning av undervisningspersonale. Her vil ein få på plass «Framtidsklasserommet», i tilknyting til biblioteket i Arena Ulstein, eit regionalt klasserom for teknologilæring.

Koding blir som kjend innført på alle klassetrinn i grunnskulen i Ulstein, på tvers av fagplanane. Dette gjennom eit skreddarsydd opplegg i samarbeid med Lær Kidsa Koding (LKK).

- I haust blir dessutan Ulstein ungdomsskule pilotskule i statleg regi, der det skal utviklast eit eige valfag, «Teknologi i praksis» med mellom anna fokus på 3D-printing, seier kommunalsjef Gry Nordal.

«Framtidsklasserommet»

Det andre delprosjektet går igjen på utdanning og etterutdanning av lærarane. Det tredje delprosjektet blir å faktisk realisere «Framtidsklasserommet», som skal utviklast i samarbeid med IKT-Norge. Det pedagogiske opplegget skal utviklast av Høgskulen i Volda, i samarbeid med Ulstein-skulen og næringslivet. Som eit fjerde delprosjekt vil Ulstein bli ei utviklingskommune for nettbaserte adaptive læringssystem for fleirkulturelle.

– Utfordringa med dette er at det vil ta tid, men vi trur på det. Vi har ein strategi, og har med oss både politikarane og næringslivet. Vi er heilt i den spede byrjinga, dette med koding er berre ein smakebit på kva som vil kome. Vi har behov både for kompetanseheving og innkjøp av utstyr, men alt dette ligg i løypa, seier Einar Vik Arset og Gry Nordal.

Prosjektet skal etter planen finansierast av kommunen sjølv, lokalt næringsliv, fylkeskommunen og prosjektmidlar øyremerka Arena Ulstein og teknologiskulen. I alt tre millionar kroner ser ein føre seg at finansieringsplanen vil kome på.