Mottaksleiar Linda Haddal Røssevoll ved akuttmottaket på Melshorn Hotell stadfester at mottaket er i ferd med å bli tømt for asylsøkjarar, i tråd med viljen til UDI.

Akuttmottaket vart opna 7. desember i fjor, og hadde på det meste 110 asylsøkjarar.

Dei siste dagane har 62 av dei reist til eit nyoppretta mottak i Snåsa.

- Her er det att sju vaksne og to babyar, og dei skal vere ute innan onsdag, fortel Haddal Røssevoll.

Vemodig

Ho vedgår at det er både vemodig og trist.

- Det har blitt felt nokre tårer siste dagane. Dei fleste har budd her i fire månader, og det har blitt knytt gode band. Dei som har budd ved mottaket har vore fredlege folk, oppsummerer mottaksleiaren.

Vil søkje om å bli ordinært mottak

Kva som no skjer med Melshorn Hotell er uvisst, men Haddal Røssevoll har ein plan:

- UDI har lagt ut anbod for ordinære mottak, og eg har starta søknadsprosessen. Tilbodsfristen er 4. mai, så eg har litt tid på meg.

Ho har sendt nabovarsel til 12 eigedomar rundt hotellet, og skal no til å søkje kommunen om løyve til å regulere om frå hotelldrift til mottak.

- Viss kommunen seier nei til omreguleringa kan eg ikkje søkje om å få drive ordinært mottak. Eg er svært spent, for slik marknaden er no, er her ikkje grunnlag for ordinær hotelldrift, slår ho fast.

Haddal Røssevoll har tru på at dersom ho fekk drive mottak i tre år, så vil marknaden ha tatt seg opp att, og hotelldrifta vil vere berekraftig igjen.

Permitterte frå torsdag

Noverande kontrakt med UDI går ut 6. april, og mottaksleiaren har sendt permitteringsvarsel til dei tilsette. Dette trår i kraft frå komande torsdag.

- Viss eg får løyve til å drive mottak, kan her vere aktivitet igjen frå juli, opplyser ho.

UDI tømer akuttmottaka: