Det går ikkje veldig raskt i eigedomsmarknaden på ytre søre Sunnmøre om dagen. Etter ei roleg opning i dei to første månadane av 2016, går talet på omsette eigedomar endå meir ned i mars. I februar skifta 57 eigedomar eigar i Ulstein, Hareid, Herøy og Sande, medan talet for mars er nede i 45.

For andre månad på rad er det i Hareid kommune det vart omsett færrast eigedomar. I løpet av mars skifta fem eigedomar eigar i Hareid, det er ein meir enn i februar. Også i Sande går det litt bakover, frå åtte i februar til seks i mars.

I Ulstein kommune ser det ut til at eigedomstransaksjonane held seg på eit nokolunde stabilt nivå. Både i januar og februar vart det omsett 15 eigedomar, medan ein er oppe i 16 i mars.

Som i februar er det Herøy som hadde størst trafikk på eigedomsfronten i mars, men etter at det vart omsett 26 eigedomar i februar er ein tilbake på 18 i mars.

Det er også i Herøy det ligg flest eigedomar ute for sal. På Finn.no er det registert 57 eigedomar til sals i Herøy. I Ulstein kommune ligg 37 eigedomar ute, medan talet er 28 i Hareid. I Sande kommune er det 13 eigedomar til sals på Finn.no akkurat no.

Les også: Forsiktig start på året

Les også: Her er årets dyraste bustadar

Les også: Klar nedgang i november

Les også: Her skjedde mest i oktober

Les også: Liten oppgang i september

Les også: Færre eigedomar skifta eigar

Les også: Fleire dyrare eigedomar

Les også: Oppsving i juni

Les også: Herøy omsette mest i mai.

Les også: Sjå alle eigedomane som er selt sidan 2005.

Les også: Her er dei dyraste bustadane.

Les også: Heitast i Ulsteinvik

Les også: Fritidsvinnarar på Sandsøya

Les også: Desse vart selde

Forklaring til kartet: Kvar sirkel viser kor mange eigedomar som er selt i eit område. Klikk på sirkelen for ei meir detaljert visning. Du kan også klikke deg inn på kvar einskild eigedom for å få historikk. Du kan velje å nytte ei kartvisning eller du kan sjå flyfoto over området ved å trykke på firkanten på høgresida i toppen av biletet.