Ringstaddalen blir i desse dagar bygt ut med "Tussa-fiber" etter dugnadsmodellen.

Tussa melder på nettsida si at dalen er den første staden der dei gjennomfører eit opplegg der kundane gjer litt meir enn ved vanleg fiberutbygging.

Det gjer at kostnadene blir så låge at Tussa kan makte å bygge ut. Utvida eigeninnsats frå den enkelte kunden og frå grendalaget har opna heile dalen for utbygging.

Kundane har alt grave fleire hundre meter med grøfter.

Tussa ser på Ringstaddalen som eit pilotprosjekt. Kjem både dei og kundane godt frå det, vil dalen danne mønster for andre utbyggingar.

Dei første kundane i Ringstaddalen kjem til å bli kopla på i løpet av inneverande april-månad.

Tussa.no: