Mange kjenner nok André Ulveseter gjennom Facebook. For tre år sidan oppretta han sida «Bilder i kampen mot særskriving». No har sida over 174 000 følgjarar. Særskriving er når ein deler opp samansette ord i to. På humoristisk vis syner han gjennom bilete den store forskjellen på fiske kake og fiskekake. Eller lage sjef og lagersjef.

Sjølv om mange har sansen for Ulveseter og bodskapen hans er det framleis mange som skriv feil. Dei lokale biblioteka og fylkesbiblioteket sponsa at alle ungdomsskuleelevane i Hareid og Ulstein fekk føredrag med Andre Ulveseter måndag denne veka. Først på dagen var han på Hareid ungdomsskule, deretter på Sjøborg kulturhus.

Ikkje god i norsk sjølv

Ulveseter fortalde at han ikkje hadde vore spesielt god i norsk på skulen. Han gjekk ut med karakteren G og brydde seg ikkje om rettskriving før han vart 27 år. Då var han så grundig lei av at ein kamerat stadig dreiv og retta på han. Så han lét det gå sport i å bli god. Han las ordbøker og grammatikk. Og etter kvart som kunnskapen kom irriterte han seg over alle skrivefeila han såg rundt seg.

– Språket er det viktigaste verktøyet de har, sa han til ungdomane. Å skrive rett handlar om å kommunisere og å bli teke seriøst. Og det ønskjer folk stort sett å bli.

– Gå rundt med tusj

– Eg er utruleg sær, vedgjekk Ulveseter. Han fortalde om korleis han tidlegare gjekk rundt å leitte etter særskringsfeil, no ser han dei over alt. Har du først fått augo opp for dette fenomenet er det vanskeleg å la vere å sjå. Han håpte at han fekk opp augo til ungdomane til at dei også ser feila og byrjar le.

– Gå rundt med tusj, gjerne raud. Rett opp plakatar. Det er ikkje hærverk, men norskopplæring, meinte han.

Når ein butikk reklamerer med støvsugarposar i tre ord greier han ikkje ta dei seriøst. Det handlar ikkje om gjere narr av dyslektikarar, for alle gjer slike feil. Alle kan bli betre, men då må ein ta til seg kunnskap og lære av feila ein gjer.

Quiz: Ungdomsskuleelevane fekk ta fram mobiltelefonane sine og tasta i veg for å vere med på quiz i rettskriving. Andrea Aarland vann.