Frå før av er det godt kjent at Ulstein kommune satsar tungt på teknologilæring i skulen, og på å vere fremst innan dette. Heilt frå 1. klasse til vidaregåande.

– Ulstein kommune har ei heilt framifrå satsing på teknologilæring, seier Sveinar Kleive, som er kontaktlærar for klasse 8D ved Ulstein ungdomsskule.

For elevane mellom 1.- og 7. klasse blir det satsa på basisprogrammering, eller heilt konkret å produsere programvare, ikkje berre konsumere. På barneskulen blir det eit likt løp for alle. Men, for ungdomsskuleelevane 8. til 10. klasse, blir det til hausten to parallelle valfag innan teknologilæring ein kan velje.

Det eine er teknologi i praksis, som allereie er eit valfag ved Ulstein ungdomsskule i dag, med mellom anna 3D-printing som ein del av opplegget og valfaget som blir køyrt inn til hausten, programmering.

Elevane vil då kunne velje begge valfaga, men ikkje samstundes. Både på 8., 9. og 10. trinn kan dei velje eitt av dei to valfaga. Torsdag fekk Vikebladet Vestposten ein forsmak på kva dette nye valfaget vil innehalde.

– Det blir mykje likt, men no får elevane endå meir innsikt i korleis dei kan programmere, også når det gjeld maskinene dei lagar i teknologi i praksis. Dette er det ingen andre som gjer, og vi er med det pionerar innanfor dette feltet, seier Sveinar Kleive.

Får statsstøtte

Ulstein ungdomsskule er faktisk no den einaste ungdomsskulen i Møre og Romsdal som får statsstøtte til det nye valfaget.

– Vi får 75.000 kroner per skuleår i tre år framover. Vi føler oss privilegerte som får ei slik støtte frå staten, seier Kleive.

Kleive veit godt kva han pratar om når han rosar kommunen for satsinga på teknologilæring.

– Eg har fagbrev i automasjon frå før eg gjekk lærarskulen, og meiner det er heilt essensielt i møte med ei teknologibasert framtid, det kommunen satsar på no, og gjennomfører.

– Vil ha god nytte av dette

To av elevane som i dag har valfaget teknologi i praksis, June Muren Ertesvåg og Johanne Helvig, var i full gang med å byggje og programmere ei heilautomatisk smultringmaskin då lokalavisa kom innom. Mellom anna ved hjelp av 3D-printa delar og Lego.

– Det er veldig kjekt at Ulstein kommune satsar så mykje som dei gjer på at vi elevane skal bli betre rusta for framtida. Vi kjem til å ha god nytte av dette, seier dei to.

– Gler oss

Mari-Ellen Løseth blir truleg i tillegg til Sveinar Kleive ein av lærarane som skal undervise i det nye valfaget programmering. Torsdag sat nokre av elevane hennar og jobba med ei innleveringsoppgåve i teknologi i praksis, som gjekk ut på både teknisk teikning og programmering.

– Valfaget til hausten blir litt som dette, men med endå meir fokus på programmering. Vi gler oss til å kome i gang, seier Løseth.