- No må vi mobilisere og kjempe, seier ordførar Stein Aam (Sp) til avisa Møre-Nytt.

Avgjerda om nedlegging av Ørsta meieri blir teken før sommaren.

Ein rapport viser at Tine kan redusere dei årlege kostnadene med 70 millionar kroner ved å optimalisere industrien. Etter ei intern drøfting og høyring går saka til endeleg avgjerd i konsernstyret, truleg før sommarferien.

Dersom forslaga i rapporten blir vedtekne vil det bety flytting av småostproduksjonen frå Ørsta til Elnesvågen og flytting av brunostproduksjonen frå Ørsta til Lom og Skjåk og Byrkjelo, avvikling av kvitostproduksjonen i Tine og nedlegging av eitt av meieria i Hardanger eller Ørsta.

Møre-Nytt: