Eit samla Hareid kommunestyre har i dag vedteke å tilby Ragnhild Velsvik Berge stillinga som ny rådmann i Hareid frå 1. august i år.

Ho er 56 år gammal og pleie- og omsorgssjef i Herøy.

I vedtaket heiter det at dersom ho takkar nei til tilbodet, skal saka gå attende til forhandlingsutvalet for vidare vurdering av tilsetjingsprosessen.

Dersom Berge takkar ja til stillinga, får forhandlingsutvalet mynde til å forhandle om løn, arbeidsvilkår, leiaravtale og eventuell etterløn. Forhandlingsutvalet skal bringe resultetet inn til Hareid kommunestyre for endeleg vedtak.

Desse søkte:

Det var sju søkjarar til rådmannsstillinga.