Det er i dag, torsdag, kalla inn til ekstraordinært formannskapsmøte i Hareid. På saklista står bruksendring av Melshorn Hotell.

Rådmannen tilrår å gje søkjaren mellombels dispensasjon frå reguleringsføremålet i Hareid sentrum.

I forslaget til vedtak heiter det at den mellombelse dispensasjonen blir gitt i det tidsrommet Melshorn Hotell As eventuelt får tildelt kontrakt med UDI om drift av asylmottaket. Når kontrakten med opsjon på forlenging er utgått, opphøyrer også dispensasjonen. Reguleringsføremålet vil etter dette framleis vere "hotell med tilhøyrande anlegg".

Rådmannen meiner dei samfunnsmessige pliktene fører til at fordelane ved å gi dispensasjon er klart større enn ulempene.

Melshorn Hotell var i ein periode akuttmottak for flyktningar, men dette har no opphøyrt. Linda Haddal Røssevoll har derfor søkt  UDI om å få drive eit asylmottak for einslege midnreårige flyktningar i staden. Slik tidene no er i næringslivet, meiner ho det ikkje er grunnlag for å drive hotell på Hareid