Fellesforbundt har varsla opptrapping av hotellstreiken laurdag, og mellom hotella som no blir tekne ut i streik frå klokka 08.00 laurdag, er Quality Hotel Ulstein og Thon Hotel Fosnavåg.

Hotelldirektør Odd-Petter Meinseth ved Quality Hotel Ulstein seier til vikebladet.no at dei vil bli råka av streiken.

Aksepterer streiken

- Vi har mange organiserte, heile 27 av ein stab på 35 tilsette. At det blir streik er leit, men vi aksepterer at dei organiserte går til eit slikt grep. Men leiarane og eg sjølv kan jobbe, og det kjem vi til å gjere medan streiken pågår, fortel Meinseth.

Romfløya blir stengd frå søndag klokka 15.00, men i løpet av neste veke blir det likevel gjennomført ein del kurs- og konferansar ved hotellet.

Bryllaup neste laurdag

- Vi vil strekke oss så langt som mogleg for at gjestene våre skal ha det bra, seier Meinseth.

Neste laurdag skal det vere bryllaupsfest ved hotellet, og hotelldirektøren slår fast at leiinga kjem til å legge seg i selane for at det skal bli eit vellykka bryllaup.

Thon Fosnavåg ikkje så hardt råka

Også Thon Hotel Fosnavåg er tekne ut i streik frå laurdag morgon. Men hotelldirektør Gunther Dahler seier til Vestlandsnytt at dei ikkje blir så hardt råka. Hotellet har rundt 35 tilsette, men dei vil ha om lag 60 prosent av staben att når streiken startar. Dette fordi stuepikene er tilsette i ISS, som ikkje er berørt av streiken.