I Møre og Romsdal er det framleis 22.000 lønnstakarar og pensjonistar som ikkje har opna sjølvmeldinga si. Leveringsfristen går ut laurdag 30. april, som betyr at det framleis er litt tid igjen til å sjekke og gjere nødvendige endringar. Det kan du spare mykje pengar på.

Om du ikkje har nokon endringar i sjølvmeldinga, treng du ikkje levere den. Men du bør uansett sjekke tala nøye, slik at du er sikker på at alt stemmer. – Det er fleire postar der det kan mangle informasjon fordi vi ikkje har såkalla grunnlagsdata. Det kan også vere feil informasjon frå banken eller frå arbeidsgivaren din. Vi i Skatteetaten veit ikkje alt om deg, så det er du som må fylle inn frådraga du meiner du har krav på, seier Trude Webb, regiondirektør i Skatt Midt-Norge.

På skatteetaten.no finnast det ei rekkje veiledarar og kalkulatorar, blant anna på reisefrådrag og pendling. På skatteetaten.no finn du også ein vegvisar som steg for steg guidar deg gjennom sjølvmeldinga. – At sjølvmeldinga er førehandstutfylt, betyr ikkje at den er ferdig utfylt. Sjekk sjølvmeldinga, så risikerer du ikkje å betale for mykje skatt eller bli gjort ansvarleg for at det manglar informasjon eller at den er feil. For dei aller fleste av oss tek det kun ein halvtime å gå gjennom sjølvmeldinga, seier Webb.

Laurdag er det altså siste frist for å levere sjølvmeldinga.