Ulstein kommunestyre gjekk torsdag inn for å kjøpe eit festivaltelt, etter tilrådinga frå formannsskapet. Ulstein kommune vedtek innkjøp av festivaltelt og tilhøyrande bord og benkar, til ein kostnad på 390.000 kr.

Tiltaket vert finansiert ved låneopptak.

Politikarane var samde om at dette ville vere eit viktig bidrag i forhold til festivalane som held til i Ulsteinvik gjennom året. Tilrådinga blei vedteke samrøystes.