Det nye ungdomsrådet i Ulstein skal veljast på måndag, men fleire av dei som kjem til å bli med var til stades i kommunestyresalen torsdag, for å presentere litt av det dei gjer.

– Det har vore eit fint år i ungdomsrådet, og vi føler vi har fått vore med på mykje som betyr ein del for både unge og eldre i kommunen. Vi var mellom anna delaktige i kommunereformarbeidet, fortalde leiar Aurora Dimmen Bratli til kommunestyret.

– Lokalsamfunn med MOT

Så var det gjengen i MOT som presenterte seg sjølve om kva organisasjonen deira står for.

– MOT har vore til stades i Ulstein i mange år, og heilt sidan 2005 har vi vore aktive ved Ulstein ungdomsskule. I 2011 blei Ulstein «lokalsamfunn med MOT» i tillegg, fortalde MOT-koordinator Marie Flatin til politikarane.

Også før det ordinære kommunestyremøtet presenterte Gry Nordal tilstandsrapporten for grunnskulen i Ulstein. Så presenterte ho, Odd Nesse og Jostein Vartdal utviklingsarbeidet som blir gjort ved skulane i kommunen.