Skuleanlegget i Brandal hadde ikkje krav om brannmur då skulen  var kommunal. No når friskulen skal kjøpe seg inn i bygget, er brannmur eit krav. Sjølv om aktiviteten er den same som då der ikkje var krav om brannmur.

Regelrytteri på sitt verste, vil mange meine. Reglar er til for å haldast, men det er vanskeleg å forstå at ein må til med eit stort bygningsmessig inngrep på skulebygget fordi det har oppstått ein situasjon med to eigarar/eigedomar, som ligg vegg-i-vegg.

Heller ikkje torsdag greidde kommunestyret å slå nokon  slutt i salsavtalen mellom Hareid kommune og friskulen.

Saka kom fram som referatsak denne gongen, men Annika Brandal (V) bad om omgjering til politisk sak, noko som vart gjort. Ho la ut om dei veldige ombyggingane som brannsikringskrava set når to  eigedomar ligg vegg-i-vegg. For å få saka ut av verda foreslo ho ein seksjoneringsprosess. Eit spørsmål om kor vidt ein slik prosess kunne gjere at ein slepp brannmurbygging er sendt til direktoratet, men det har enno ikkje kome noko svar.

Og tida går: Brandal friskule satsar på å vere på plass i bygget i august.

Konsulent Kai Rune Bjørke hadde ikkje meining om når svaret frå direktoratet ville kome. – Spørsmålet var sendt for tre veker sidan, og vi har ikkje fått noko mellombels svar om når vi kan forvente svar, sa han. Og la til at han likevel trudde på eit endeleg vedtak i mai- eller junimøtet.