Politiet melder laurdag kveld om røykutvikling frå kjellaretasjen i ein einebustad i Ulsteinvik. Naudetatane er framme, og jobbar no med å få kontroll over situasjonen.

Politiet skriv på Twitter laurdag kveld:

- Ingen personar i huset. Heller ingen som skal vere skadde. Røyk frå underetasjen, ingen opne flammar.

Det blei rutinemessig sendt inn røykdykkar i kjellaretasjen.

Kontroll

Møre og Romsdal 110-sentral opplyser til Vikebladet Vestposten klokka 19.00 at Ulstein brannvesen har kontroll på staden, og at lufting er sett i gong.

Brannvesenet fekk melding om brannen klokka 18.21.