Konferansen i Hareidhallen kjem truleg til å samle om lag 600 ungdommar frå Hareid og Ulstein. Ungdomsråda i dei to kommunane har fått 50.000 kroner kvar til gjennomføringa, og det er lagt opp til eit spennande program. Eit av høgdepunkta blir nok når Kjell "Kjellen" Bigseth og Jann Leite deler sitt syn på kommunereforma. Men før den tid har ordførarane i Hareid og Ulstein kome med sine orienteringar, og det same har prosjektmedarbeidar Solveig Buvik hos Fylkesmannen. Det vil også bli tid til beinstrekk, gruppearbeid og kahoot .

Bruk stemmeretten 19. mai

19. mai blir det folkerøysting om kommunereforma, aldersgrensa for å røyste er sett til 16 år. Aurora Dimmen Bratli, leiar i Ulstein ungdomsråd, er oppteken av at ungdomen må bruke røysteretten sin.

- Det handlar om framtida vår. Mange ungdomar reiser vekk for å få utdanning, men vi vil dei skal kome tilbake. Då kjem dei til ein ny kommune, seier Auroa, og siterer kommunaleminister Jan Tore Sanner: «Vi kan ikke diskutere framtidens kommuner, uten framtidas innbyggere.

- Dei som kjem på ungdomskonferansen måndag vil kome til å få opplysningar som gjer det lettare å vite kva alternativ dei skal røyste på, trur Aurora.

Ungdomsråda har ikkje tatt stilling til kva løysing som bør veljast, det får vere opp til den enkelte.

- Det er 50 år sidan førre kommunereform. Kanskje blir det 50 år til neste, så det gjeld å engasjere seg no, seier Auroa, som har vore ungdomsrepresentant i prosjektgruppa til Ulstein kommune sidan oppstarten.

- Kommunereforma gjeld framtida vår, derfor er det så viktig at ungdomen engasjerer seg, seier Aurora Dimmen Bratli, Elias Svendsen Storeide og Steffen Anderson i Ulstein ungdomsråd. Mandag blir dei med på ungdomskonferansen i Hareidhallen. Foto: Anne Gry Eilertsen.