(Denne saka blei først publisert i april i år).

No som Donald Trump mot store odds har blitt USA sin neste president kan det vere på sin plass med eit lite dykk i arkivet:

VGTV la på sine nettsider ut eit morosamt lite innslag frå Kvaløya i Troms, der dei hevda å ha funne staden der den amerikanske presidentkandidaten og mangemilliardæren Donald Trump i fleire tiår har dyrka fram håret sitt. Det kalde klimaet skal visstnok ha gjort parykkane tjukkare, blir det hevda i den mildt sagt satiriske videoen. Den artige snutten gjekk sin sigersgang viralt, og blei sett av fleire millionar menneske. Også store amerikanske aviser såg humoren, til dømes Washington Post (ekstern lenkje).

Trump-åker på Sunnmøre?

Kanskje er det også slik i Ulsteinfjella, der det ser ut til at nok ein Trump-åker veks fram?

For Linda Eikrem og familien var på tur i nettopp Ulsteinfjella då dei kom over nokre vekster som liknar på dei på Kvaløya.

- Arne (Flatin), eg og dei tre borna (12, 10 og 7) var på lang fjelltur i dag. Vi gjekk frå huset vårt på Ulstein til Lisjevatnet, til Sarshornet, til Breidfjellet, til Roppehornet og så ned på Flø. Bildet er tatt på Breidfjellet, opplyser Eikrem til Vikebladet Vestposten.