Psykiatri- og rus-tenesta i Ulstein kommune har meldt frå om at dei treng meir plass, dei vil gjerne nytte heile Skollebakken aktivitetshus. I så fall må Ulstein Frivilligsentral og kanskje Bell ungdomsklubb finne seg nye lokale.

UEKF kan renovere 2. etasjen på gamle Helsestasjonen, om nokon vil flytte inn dit.

Men alle tre aktørane ønskjer å halde fram med å vere i Skollebakken og utvikle seg vidare der. Frivilligsentralen får tilbakemelding frå lag og organisasjonar om at lokale der er veldig gode.

Ungdomsklubben har i snitt 50 ungdomar innom pr. kveld, av og til 100 ungdomar, så dei kan ikkje få mindre lokale.

Alle tre brukarane skal til neste møte, 9. mai, utarbeide ei skisse over kor mange, og kva slags rom dei treng.