I fjor opplevde vi dei lågaste dødstala i trafikken sidan 1947. Til no i år har utviklinga gått i stikk motsett retning.

– Vi er bekymra for auken. Kvart tal i denne statistikken skjular ei tragedie. Det sit mange familiar, vener og lokalsamfunn igjen i sorg etter desse dødsfalla, seier direktør Jan Johansen i Trygg Trafikk.

Trafikanter med større risiko

Johansen fryktar at dødstala på vegane skal fortsetje å stige utover våren og sommaren. Desse månedane er tradisjonelt dei mest ulukkesutsette. Det er mange bilar ute på vegane i helgene og høgtidsdagane.

– I tillegg opplever vi eit meir sammensett trafikkbilete med fleire syklistar, mopedistar og motorsyklistar. Alle desse trafikantgruppene har høgare skaderisiko enn bilistane. Særleg gjeld dette MC-førarane, åtvarar Johansen.

Ulukkene i april

Førebelse tal viser at åtte personar omkom på vegane i april. Alle dei omkomne var menn. To av dei omkomne var bilpassasjerar, tre var mc-førarar, ein var førar av ATV, ein var syklist og ein var fotgjengar.

I gjennomsnitt dei føregående fem åra har ni personar mista livet i vegtrafikkulukker i april månad.